Svake PISA-resultat bekymrar
Foto: AdobeStock
At norske 15-åringar scorar lågt på sentrale reiskapsfag som matematikk, norsk og naturfag bekymrar. Særleg er resultata i matematikk svake. Nær ein av tre elevar ligg på det lågaste kunnskapsnivået.
Foto: AdobeStock
At norske 15-åringar scorar lågt på sentrale reiskapsfag som matematikk, norsk og naturfag bekymrar. Særleg er resultata i matematikk svake. Nær ein av tre elevar ligg på det lågaste kunnskapsnivået.
Dette visar resultata frå årets PISA-undersøking, som blei publisert 5. desember. Undersøkinga føyer seg inn i ein trend der resultata over fleire år har blitt dårlegare.
Det grøne skiftet i industrien med til dømes introduksjon av nye produkter, bruk av ny teknologi og digitale hjelpemiddel og distribusjon av oppgåver og ansvar, går raskt. For å kunne vera konkurransedyktige internasjonalt, må bedriftene lukkast med omstillinga. Då er det ein føresetnad at dei tilsette i industrien har naudsynte kunnskap og dugleikar til å gjennomføra den.
Frå industrien har det lenge blitt argumentert med at ungdomsskulen må gjerast meir praktisk for å treffa undommane betre, særleg gutane. PISA-undersøkinga stadfestar at utviklinga går i feil retning i reiskapsfaga og at ein bør vurdera å reformera utdanninga for 14-16-åringane. Praksisretting og ei styrking av faga norsk, matematikk og naturfaga er naudsynt. Kunnskap i desse faga kombinert med samhandlingsdugleik vil setja elevane i stand til å møta og løysa utfordringar dei vil møta i kvardagsliv, arbeidsliv og industri.
– Norsk Industri meinar at det er tid for å setja fokus på og prioritera opplæring av ungdomane våre. Endringar tek tid medan framtida skapast no, det er derfor tid for handling, seier Trond Haga, Aker Solutions og leiar av kompetanseutvalet i Norsk Industri.
> Les også: Betydelig PISA-nedgang i lesing, matematikk og naturfag (udir.no)