Full fart for TIP-kampanjen!
Før jul kjørte vi i gang kampanjen "Velg TIP!", som har som mål å få flere unge til å søke seg til industrifag. Og det skorter ikke på engasjement!
Før jul kjørte vi i gang kampanjen "Velg TIP!", som har som mål å få flere unge til å søke seg til industrifag. Og det skorter ikke på engasjement!
Industrien treng fleire fagarbeidarar, men søkartala til yrkesfagprogrammet Teknikk og Industriell Produksjon (TIP) har gått ned med 25 prosent dei siste åra. Norsk Industri har difor satt i gang kampanjen "Velg TIP!" for å vise unge kva industrien kan by på.
- Industrien har mange forutsetningar for å være eit attraktivt karriereval for unge. For å nå ut med bodskapen har vi engasjert Youtube-stjerna Hanna Martine til å teste TIP seier prosjektleiar Kjetil Tvedt frå Norsk Industri.
Kampanjen er bygd opp rundt fem filmar der Hanna Martine besøker ulike industribedrifter. Engasjementet rundt filmane på Youtube og Facebook har vore formidabelt, og mange unge har no fått ein smakebit av TIP. Her er statistikk for publiserte filmar og oversikt over komande filmar:
Men filmane er kun ein apetittvekkjar.
- Skal vi lukkast med å få fleire til å velje ei framtid i industrien treng vi hjelp frå medlemsbedrifter, rådgjevarar og opplæringskontor til å få ut informasjonen, seier leiar for faglig råd TIP Tone Belsby frå Norsk Industri.
Sjekk ut nettsida og TIP-brosjyren under. Dersom du ynskjer å få brosjyren i trykt format, så send ein e-post til tone.belsby@norskindustri.no og oppgi antall og leveringsdresse.
> Kampanje skal snu trenden for TIP