Etterlengta etter- og vidareutdanning for fagarbeidaren

Publisert

EuroSkills 2018, automatisering

De norske deltakerne i automatiseringsfaget i EuroSkills 2018 i Budapest.

I Statsbudsjettet kjem Regjeringa med 30 millionar kroner til "bransjeprogram" for etter- og vidareutdanning. Dette er ein viktig siger for frontfaget og for omstillingsevna til den einskilde og til industrien.

No får fagarbeidaren i industrien eit offentleg finansiert tilbod om kortare modular ved fagskulane som gir nødvendig kompetanse til å handtere ny teknologi.

- Vi er glade for at regjeringa no blir konkrete når det gjeld livslang læring. Pengane skal gå til oppretting av nye, modulbaserte etter- og vidareutdanningstilbod ved dei tekniske fagskulane. I første rekke er det industrifaga som blir tilgodesett, men seinare vil også bygg- og elektro kunne opprette tilsvarande tilbod, seier administrerande direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen.

Også Fellesforbundet er glade for denne sigeren. Partane i frontfaget har gjennom mange mange år, og i fleire tariffoppgjer, fokusert på etter- og vidareutdanning. I 2014 krov vi betre kurs i basiskompetanse og språk, samt ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagutdanning. Dette var viktig for å anerkjenne og auke kompetansen til arbeidarane. I 2016 vart vi einige om å identifisere barrierar for etter- og vidareutdanning. Det arbeidet vart ferdig til oppgjeret i 2018, der vi vart einige om å jobbe med å utvikle konkrete tilbod for etter- og vidareutdanning.

- Dette gjorde at vi hadde et godt grunnlag for å vite hva arbeidere og bedrifter trenger for å få flere tilbud om etter- og videreutdanning. Nå har vi spilt inn dette til regjeringen og regjeringen svarer på vårt innspill. Det er veldig bra!, sier Fellesforbundets leder Jørn Eggum.

Kva skjer, og når skjer det?

Partane i arbeidslivet har tidlegare gitt innspel til innhald i bransjeprogrammet til Kunnskapsdepartementet, og er no klare til å sette i gang minst tre prosjekt saman med fagskulane:

  • Det vert sett i gang utvikling av minst to nye modulbaserte fagskuleutdanningar for industri. Her kan fagskulane gå saman med lokal industri for å definere kva behovet er, samt å utvikle nye fagplanar. Tilbodet må vere tilrettelagt både med tanke på innhald og form. I det legg vi at fagskulane og industrien saman definerer det faglege innhaldet for dei nye tilboda. Men for at dette skal bli brukt må fagskulane tenke nytt rundt korleis ein tilbyr utdanning. Vi ynskjer at tilboda skal ha to hovuddelar:
    • a) digitale læremiddel som gjer at den einskilde kan studere åleine, og
    • b) at samlingane skjer ute i industribedriftene. Det siste vil sikre at opplæringa vert praktisk retta, og at fagskulane følger med på den teknologiske utviklinga i bedriftene.
  • Det tredje prosjektet er ei samordning av industri-, bygg-, og elektrofag ved fagskulane. Digitalisering gjer at faga i større grad overlappar kvarandre, og det er difor på tide å sjå på moglege fellesmodular for dei ulike faga. Dette vil styrke fagmiljøa, og vil gjere at fleire fagskular kan tilby slike modular.

- Vi har lagt opp til ein rask prosess som skal munne ut i at fagskulane søker NOKUT-godkjenning allereie i mai 2019. det er difor viktig at interesserte industrimiljø raskt finn saman med sin lokale fagskule og startar samarbeidet om en søknad. Ta gjerne kontakt med oss i Norsk Industri dersom det er spørsmål om prosessen, seier Kjetil Tvedt, fagsjef for kompetanse i Norsk Industri.