Gode penger til etter- og videreutdanning

Publisert

STATSBUDSJETTET: Regjeringa løyver totalt rundt 70-80 millionar kroner til etter- og vidareutdanning for industrien gjennom ulike tiltak. Pengane vil finansiere gratis etterutdanning over 1000 fagarbeidarar og funksjonærar i industrien, og skal bidra til produktivitet og omstilling.

– Vi er svært glade for Industrifagskulen no blir ei permanent ordning, som lova i samband med Frontfagsoppgjeret i august 2020, og ser fram til å både utvide ordninga og utvikle den vidare, seier fagsjef for kompetanse og rekruttering i Norsk Industri, Kjetil Tvedt.

Industrifagskulen – frå pilotprosjekt til fullskala etterutdanningstilbod

Industrifagskulen, som gjennom frontfagsoppgjeret vart lova 50 millionar kroner i 2021, får 37,8 millionar kroner i direkte løyvingar i 2021.

– Med desse midlane kan vi i 2021 etterutdanne over 1000 industriarbeidarar, noko som er historisk. Ordninga skal auke både omstillingsevne og produktivitet gjennom auka kompetanse på dei felta industrien, gjennom Norsk Industri, Fellesforbundet og Industri Energi, har identifisert som viktige, seier Tvedt.

I tillegg til midlane til Industrifagskulen kom det og 110 millionar fordelt på åtte andre bransjeprogram inkludert olje, gass og leverandørindustri der Norsk Industri er med.

Viktige drivarar som digitalisering og omstilling til nye produkt, tenester og nye marknader krev ny kompetanse. Bransjeprogammet for olje, gass og leverandørindustri kan difor spele ei nøkkelrolle i omstillinga av sektoren. Gjennom ordninga kan bedriftene sjølv vere med å peike på kva innhaldet skal vere, og korleis ein ynskjer å få det servert. Her kan ein søke om tilbod frå vidaregåande, fagskule, høgskule og universitet. Ta gjerne kontakt dersom dette er aktuelt for di bedrift!

Øyremerka midler til "utsatte industriklynger"

Av dei 110 millionane er 20 millionar øyremerka "utsatte industriklynger" i 2021. Midlane her kjem etter eit pågåande initiativ frå Kongsberg-regionen. Her vert det no arbeidd med nye måtar å drive etterutdanning av tilsette, permitterte og arbeidsledige, og målet er å gi industrien i regionen eit samla kompetanseløft som gjer at ein kjem styrka ut av krisa.

– Det er svært viktig at vi greier å styrkje kompetansen i industriklyngene gjennom denne krisa. Satsinga på Kongsberg kan danne grunnlag for nye måtar å undervise digitalisering og Industri 4.0. på. Norsk Industri jobbar tett med Kongsberg-miljøet for å sikre god samhandling mellom dette prosjektet og Industrifagskolen, seier Tvedt.