Statsbudsjettet 2020: Positive justeringar av kompetansepolitikken
Foto: K-Tech.
Statsbudsjettet inneheld fleire gode tiltak som vil bidra til å sikre tilgangen på kompetanse for industrien.
Foto: K-Tech.
Statsbudsjettet inneheld fleire gode tiltak som vil bidra til å sikre tilgangen på kompetanse for industrien.
Elevane får auka tilskott til utstyr, og vaksne kan få tilskott frå lånekassen i kombinasjon med jobb. Regjeringa løyver og midlar til å styrke Industrifagskolen noko, men ikkje nok (les meir om dette nedanfor). Det vert og oppretta 70 studieplassar på ulike universitet og høgskular øremerka teknologi/grønt skifte.
Her er endringane kort oppsummert:
Det er krevjande for dei vidaregåande skulane å ha undervisningsutstyr som heng med i teknologiutviklinga. Norsk Industri har derfor tatt til orde for å teste ut ei ordning der staten investerer i eit vogntog som industrien fyller med undervisningsutstyr. Ei slik eining kan bemannast med to lærarar som reiser rundt og underviser elevar, lærlingar og lokal industri om ny teknologi. Ordninga treng ikkje auka dei offentlege kostnadene, men heller om sikre meir effektiv bruk av dyrt utstyr, i tillegg til at dedikerte lærarar sørger for spisskompetanse. Det vil koste staten 2,5 millionar kroner å få testa ei slik ordning.
– Ny teknologi vil i framtida stille større krav til undervisningsutstyr, både for industrifaga og elles. Vi meiner difor det er fornuftig å teste ut modellar for deling seier fagsjef for kompetanse, Kjetil Tvedt, i Norsk Industri.
Erna Solberg annonserte i valkampen ei styrking av pilotordninga "bransjeprogrammet for privat sektor" med fem millionar kroner. Legg vi dette på toppen av årets løyvingar får vi rundt 20 millionar til modulbasert fagskuleutdanning i 2020. Pengane vil gi industriarbeidarar rundt om i landet kompetanseheving der dei er, i kombinasjon med full jobb.
– Desse pengane kjem godt med, men om vi skal nå målet vårt om etterutdanning for 1000 industriarbeidarar i 2020 trengs det nok ytterlegare ti millionar, seier Tvedt.